Om Vest Asfaltfresing
Vest Asfaltering har levert kvalitet og presisjon i asfaltfresing sidan 2007. Med base i Luster og oppdrag over heileVestland, har me bygd oss opp som ein påliteleg aktør innan fresing, feiing og vedlikehald av vegar og parkeringsplassar.
Den moderne maskinparken vår består av tre asfaltfresarar, tre vogntog og ein feiebil, og eit dedikert team sørger for effektiv og miljøvenleg drift. I 2020 utvida vi med eit nytt anlegg på Gaupnegrandane, der vi også tilbyr vaskehaller for både privatbilar og storbilar – ei berekraftig satsing med svanemerka vaskemiddel og energieffektiv oppvarming.
Vest Asfaltering er ein viktig arbeidsplass i Luster, med stadig vekst og utvikling. Vi er opptekne av å nytte lokale leverandørar, sikre god økonomistyring og levere tenester av høg kvalitet. I 2021 vart vi kåra til «Årets bedrift i Luster» – ei utmerking som speglar satsinga på innovasjon og verdiskaping i regionen.

Kontakt oss
Dagleg leiar:
Johannes Flohaug
Telefon:
+47 480 88 855
Epost:
post@vestasfaltfresing.no
Adresse:
Gaupnegrandane 24,
6868 Gaupne